BETRE HELSE I KVARDAGEN

BETRE HELSE

I KVARDAGEN

TENESTER

SJUKEPLEIAR TENESTER

+ Stell, pleie og oppfølging
Vårt helsepersonell kan tilby deg stell og pleie i eigen heim slik at du på best mogeleg måte kan oppretthalde god livskvalitet til trass for sjukdom og/eller funksjonsnedsetting.

+ Medikamenthandtering
Medisinar kan føre til hodebry med ulike tablettar å holde styr på. Fortvil ikkje, vi hjelper deg med medikamenthandteringa slik at du kan slappe heilt av.

+ Måling av blodtrykk og blodsukker
Det treng ikkje å vere nødvendig å måtte reise til eit legekontor for å måle blodtrykk og blodsukker. Dette er ei enkel undersøking som vi kan utføre medan du sit i godstolen.

+ Sårbehandling
Har du eit kronisk sår eller ei rift i huda? Vi kan komme heim til deg for å vurdere og eventuelt behandle desse på ein god og profesjonell måte. I samarbeid med din fastlege vil vi sette opp ei behandlingsform som passar for deg.

Vi tilbyr

TRYGGLEIK: Fast hjelp til fast tid

TILLIT: Vi kjem til avtalt tid

FLEKSIBILITET: Vi skreddersyr etter dine behov

LIVSKVALITET: Medmenneskeligheit, humor og verdigheit

KVALITET: Faglig høg kompetanse, god dialog og oppfølging

VALFRIDOM: Stort spekter av tenester, alt fra besøksvenn til sjukepleie

Kontakt oss 

BETRE HELSE I KVARDAGEN

TENESTER

OMSORGSTENESTER

+ Personleg hjelp
Lista over ulike måtar vi kan hjelpe er lang. Ta kontakt for å diskutere ditt behov.

+ Sosialt samvær
Alle har godt av samvær og felleskap med andre. Vi blir gjerne med deg ut på ein spasertur, eller ønskjer du heller å prate over ein kopp kaffi? Vi lyttar!

+ Tilrettelegging av måltid
Vi handlar gjerne inn og tilbereder eit smakfult og næringsrikt måltid til deg i heimen din.

+ Følgetenester
Det å komme seg frå A til B er ikkje alltid like lett. Vi gjer det mogleg å bringe deg der du ønskjer. Vi kan følgje deg heilt til døra og bringe deg trygt heim etterpå. Dømer på dette kan vere tur til frisør, tannlege, doktor, sjukehus, møter m.m

+ Tur til hytta, storbyen eller varmare strøk
Trenger du reisefylgje med medisinsk kompetanse? Ta kontakt, det lar seg ordne!

+ Pårørande
Er du pårørande eller kjenner nokon som kan trenge nokon av desse tjenestene. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Din Helsevenn ønskjer å hjelpe til med å ta vare på deg eller dine i heimen, eller om du er pårørande til nokon som bur i institusjon som treng besøk eller ein tur ut.

Din Helsevenn har som mål å vere litt tettare på, bry seg litt meir, og ha god tid til å bygge relasjon med kunden.

Kontakt oss 

BETRE HELSE I KVARDAGEN

MEDISINSK YOGA

MEDISINSK OG TERAPAUTISK YOGA

Vi tilbyr yoga og mindfulnesstrening til skular, barnehagar, bedrifter, andre organisasjonar eller i private grupper. Opplegget tilpassast etter kva de ynskjer og timane kan vere 20 minuttar til 1,5 time, enten i arbeidstida, i ein pause eller etter arbeidstid.

Yoga som medisin
Stadig fleire mennesker ser etter fleire måtar å møte ein sjukdom på eller kva ein kan gjere for å ha eit godt liv. Den same kunnskapen har ført til at fleire som arbeider innanfor helsevesenet ser etter eit meir holistisk verktøy å gje til sine pasientar. Både helsepersonell og pasientar søker etter noko meir enn å berre gje eller få medisinar, noke som kan knyte saman heile menneske.

I dag benyttast Medisinsk Yoga og mindfulness trening som rehabelitering ved 25 norske helseinstitusjonar, deriblandt Radiumhospitalet (kreftrehabelitering), Ressurssenter Øst, Catosenteret, Feiringklinikken (hjerterehabelitering), Stavanger Kommune - avdeling for psykisk helse og Asker og Bærum sjukehus.

Kvifor yoga og mindfulnesstrening?
Mange av oss lever hektiske liv og opplever mykje stress i kvardagen. I yoga dempast stressaktivering i hovud og kropp ved å gjere pusteøvingar, enkle fysiske øvelsar, meditasjon og kvile.

Du kan oppleve å få meir ro i hovud og kropp, mindre smerter, betre søvn, lågare blodtrykk m.m. Yoga gjev betre fysisk og mentalt velvære for den enkelte. For bedrifter kan yoga i grupper bidra til betre miljø og samhold.

Det er gjort mykje forsking på effektane av MediYoga og mindfulness. Sjå linkane under for meir informasjon.

 www.youtube.com/watch?v=CQg8ZNeyl5M&feature=youtu.be

 no.mediyoga.com

 www.scat.no

Eg er takksam for å ha fått sjansen til å deltatt i Andries J. Kroese (dr.med,) sin instruktørutdanning i Oppmerksomhetstrening (OT) - Mindfulness training (MBSR)

MEDIYOGA FOR KIDS

Frå september 2019 tilbyr vi MediYoga for kids.

Mange barn og unge opplever ein kvardag som er både hektisk og stressande. På dette yogakurset vil det verte introdusert fleire effektive verktøy som kan gje ro og harmoni i hovud og kropp, betre konsentrasjon og fokus, og ein mjukare og avspent kropp. På kurset er vi innom pusteøvelsar, enkle fysiske øvelsar, avspenning, mantraer og meditasjon.

Forskning viser at barn og unge som gjer yoga får betre konsentrasjon og hukommelse, meir respekt for andre, betre sjølvregulering, auka kjensle av velvære, betre fysisk, psykisk helse og emosjonell balanse.

 www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC3980104/

if every 8 year old in the world is taught meditation, we will eliminate violence from the world within one generation

Dalai Lama

Kontakt oss 

BETRE HELSE I KVARDAGEN

OM OSS

Din Helsevenn

Din helsevenn vil gjennom sjukepleietenester, sosial relasjon og praktisk støtte, gje tryggleik og omsorg for eldre og andre med hjelpebehov.

Ideen til denne mobile og kunderetta tenesta kom fra erfaring og ei stadig utvikling for behov innafor helsetenester. Trenden i samfunnet er vidare at vi er travle individualistar i Noreg. Våre behov for sjølvrealisering skal dekkast i større grad enn før. Vi bryr oss først og fremst om oss sjølve og våre næraste. Slike samfunn kan verte einsame. Din helsevenn skal vere litt tettare på, bry seg litt meir, og ha tid til å bygge relasjonar med brukarane. Om dette kan bidra til at nokon av kundane får bu lengre heime enn dei elles kunne, og dette er i kunden sin interesse, er noko av målsetting med Din helsevenn nådd. Å få god og riktig hjelp og støtte når ein treng det, er viktig både for tryggleik og livskvalitet.

Din Helsevenn er starta og drivast av Lena T. Solheim. Ho er utdanna sjukepleiar, og har arbeidd dei siste åra ved United World Collage i Flekke som helsesyster. Lena har også arbeidserfaring frå kommunehelseteneste og sjukehus.

Lena har i tillegg utdanning som internationasjonal MediYoga instruktør og mindfulness instruktør.

Din Helsevenn har som mål å vere litt tettare på, bry seg litt meir, og ha god tid til å bygge relasjon med kunden.

Lena T. Solheim

Kontakt oss 

BETRE HELSE I KVARDAGEN

PRISAR

PRISLISTE

Per 01.08.2019

Timepris: kr 590,-
Transport: Kr 150,- over 20 km. Deretter kr 150,- per 50 km.
Yoga: etter avtale

Din Helsevenn
Bjergelandet 66, 6963 DALE
Mob. 97742711
E-post. post@dinhelsevenn.no

Org.nr 00922082146

BETRE HELSE I KVARDAGEN

KONTAKT

Vi tilbyr gratis førstegangsbesøk

Din Helsevenn
Bjergelandet 66, 6963 DALE
Mob. 97742711
E-post. post@dinhelsevenn.no

BETRE HELSE I KVARDAGEN